Sterk satsing på offshore fornybar energi

I sin nye strategi for offshore fornybar energi, viser Kommisjonen at dei har høge ambisjonar for denne sektoren framover. Havvind er peikt ut som ein av dei viktigaste energikjeldene for å nå EUs klimamål.

Å gjere energisektoren i Europa fornybar, er eit av dei viktigaste måla i Kommisjonene sin grøne vekststrategi Green Deal, og ein av dei viktigaste drivarane for å nå målet om å nå klimanøytralitet innan 2050.

Offshore fornybar energi er ein av dei teknologiane som har størst potensiale til oppskalering, meiner Kommisjonen, og vil derfor vere sentral for å kunne levere fornybar energi til Europa i tida framover. Strategien omfattar både fast og flytande havvind, bølgjekraft og tidevassenergi, samt flytande solenergi.

Skal mangedoble kapasiteten

Kommisjonen planlegg å auke kapasiteten i havvind frå dagens 12 GW til 60 GW innan 2030, og til heile 300GW innan 2050. I tillegg kjem planar om auka papasitet på 40 GW frå andre Energikjelder. Denne energien skal gjere EU mindre avhengig av importerte fossile energikjelder. Målet er at offshore fornybar energi raskt skal bli konkurransedyktig på pris med fossile alternativ.

Denne strategien skal gi mogelegheiter til europeisk industri og skape fleire grøne arbeidsplassar.  Europa er allereie verdsleiande innan offshore teknologi og industri, men næringa er i sterk vekst også i USA og Asia. Kommisjonen ønskjer derfor å styrke sitt globale leiarskap enda meir.

Foto: Kommisjonen

Heile verdikjeda skal med

Strategien rettar seg mot heile verdikjeda til fornybar offshore energi, og omfattar produksjon, installasjon og infrastruktur i hamner.  Ein anna viktig del er å auke kapasiteten til elektrisitetsnettet I Europa, slik at det kan tole den auka mengda frå offshoresektoren. Den auka satsinga vil føre med seg store mogelegheiter for norsk næringsliv og industri, inkludert maritim sektor, olje- og gassektoren og leverandørindustrien.

Investeringar

Innan 2050 er det venta at EU treng samla investeringar på omlag 800 milliardar euro. Det meste av dette må kome frå private investeringar. EU vil på si side senke investeringsrisikoen ved å bruke målretta offentlege investeringar og sørgje for at relevante regelverk gir insentiv og forutsigbarhet for næringa. Regelverket for offentleg støtte skal også kunne takast i bruk.

I tillegg kjem EUs rammeprogram for forsking, Horisont Europa, og andre program som skal bane veg for investeringar, som Innovasjonsfondet og InvestEU. Også EUs gjenreisningspakke, Next Generation EU, vil vere tett knytt til strategien.

Kommisjonen vil også utarbeide eit tydeleg juridisk rammeverk for å støtte sektoren. Dette vil skje gjennom planlagde revisjonar av mellom anna elektrisitetsmarknaden, fornybardirektivet og anna lovverk i EUs rein energi-pakke.

Samarbeid i Europa

Samarbeid på tvers av både land og regionar vil bli viktig for å nå måla Kommisjonen har satt seg. Områda som Kommisjonen meiner har størst potensiale for  utbygging av offshore fornybar energi er Nordsjøen, Østersjøen, Middelhavet, Svartehavet og Atlanteren. Kommisjonen vil sikre forsyningskjeder på tvers av Europa og forbetre nasjonale maritime arealplanar. Kommisjonen vil at medlemslanda og kystnære regionar samarbeider om utbygging og oppskalering av offshore energiproduksjon og samkøyrer sine respektive planar for maritim arealbruk.

Les meir på Kommisjonen sin side her.

Les heile strategien her.