Open Days 2011 – førebels program
For niande gong vert Open Days arrangert i Brussel hausten 2011, denne gongen med tittelen: ”Investing in Europe’s Future: Regions and Cities delivering Smart, Sustainable and Inclusive Growth.”
Open Days er den største regionalmønstringa i Brussel , og vert arrangert av europeiske regionar, Regionkomiteen og Europakommisjonen. VNB deltek òg på arrangementet som er ein ypparleg arena for læring og nettverking.
For deg som er interessert i å delta på Open Days 2011 ligg det no eit førebels program ute på nettsidene til Europakommisjonen.