Regionane vil bruke meir pengar på sosial innovasjon
Representantar for byar og regionar i Europa ber Europakommisjonen om at tilskotspengar må nyttast til å støtte nye måtar å løyse sosiale behov på. EU kan gjere meir for å oppmuntre til innovasjon når det gjeld design og levering av offentlege tenester som utdanning og sosial- og helsetenester ved å gi finansieringsstøtte til eksperimentelle prosjekt på lokalt nivå.
Dette var hovudbodskapen frå paneldebatten om sosial inkludering som Regionkoiteen arrangerte i Brussel 10. mai. Dei fleste paneldeltakarane omfamna ideen om å bruke midlar frå eksisterande tilskotsordningar for å oppmuntre til sosial innovasjon på lokalt og regionalt nivå.
Fleire av paneldeltakarane meinar det er viktig å gi meir pengar til små prosjekt, mellom anna Vicki Sellick, ekspert i innovasjon i lokale myndigheiter som arbeidar for Young Foundation som er ansvarleg for å utvikle ”Social Innovation Europe”-initiativet. Sellick ynskjer nye måtar å finansiere sosial innovasjon på, og føreslår at 1% av offentlege budsjett bør brukast til å støtte utviklinga av nye framgangsmåtar. Sellick lova at SEI-initiativet vil fungere som ei plattform for å utveksle idear om korleis ein kan finansiere lokale prosjekt, og korleis ein kan identifisere gode metodar for så å ta dei i bruk over heile Europa.
Presidenten i Regionkomiteen, Mercedes Bresso, sa at sosial innovasjon burde vere ein av prioriteringane for lokale, regionale og nasjonale myndigheiter. Regionar, byar og kommunar er ansvarlege for meir enn ein tredjedel av bruken av offentlege midlar, og to tredjedelar av offentlege investeringar i heile EU. ”Offentlege innkjøp kan fungere som ein kraftig motor for innovasjon”, uttalte Bresso.
Den italienske paneldeltakaren nemnte at som eit resultat av finanskrisa var det større etterspørsel etter sosiale tenester, men at budsjetta berre minka. Ho sa òg at lokale og regionale myndigheiter har synt at dei er ”inkubatorar” for sosial innovasjon, og at dei har erfaring med å finne måtar for å få til meir med mindre ressursar.
Bresso lova at Regionkomiteen vil gjere sin del for å sørgje for utveksling av gode eksempel på offentlege tenestetilbod og ta opp sosiale behov. Ho nemnte spesielt ”Europe 2020 Monitoring Platform” og oppfordra regionar og byar til å bruke det for å dele kunnskap og idear.
Kjelde: EurActiv