Rettleiing til offentlege innkjøp
Europakommisjonen har lagt fram ei rettleiing for offentleg innkjøp. Rettleiinga er eit konkret verkty som skal gjere det lettare for offentlege etatar å kjøpe varer og tenester i tråd med EU-reglar og på ein samfunnsansvarleg måte. Rettleiinga legg òg vekt på kva offentlege innkjøp kan bidra med i utviklinga av eit betre sosialt fellesskap.
Offentlege innkjøp står for 17 % av BNP i EU-landa. Offentlege innkjøp kan såleis både oppretthalde ein transparent og konkurranseutsett marknad samstundes som det kan styre marknaden i ei retning der verksemder lyt syne større samfunnsansvar, som igjen vil føre til ei meir berekraftig utvikling.
Rettleiinga inneheld ei oversikt over mogelegheiter som finst i eksisterande EU-reglar når det gjeld å ta sosiale hensyn i dei ulike stega i anbodsprosessen. Dette vil gjere det lettare for innkjøparar for det offentlege å ta sosiale hensyn samstundes som ein sikrar lik tilgang for alle europeiske tilbydarar og formålstenleg bruk av offentlege midlar, i tråd med Europa-2020-strategien.
Rettleiinga inneheld mange eksempel på ulike sosiale utfordringar, som å fremje likestilling og jobbmogelegheiter, å betre arbeidsforhold og betra tilhøve t.d. for personar med funksjonshemmingar, heilt i tråd med ILO-konvensjonar.
Myndigheiter i medlemslanda, partane i arbeidslivet, ikkje-statlege organisasjonar og andre interessentar har komme med nyttige innspel for å utforme rettleiinga. Les meir om denne saka på Europakommisjonen sine nettsider. (Sjå PDF lenkje).