”Internasjonalisering – ein veg til attraktive kommunar”. Påmeldingsfrist 21. oktober
Torsdag 28. oktober 2010 arrangerar Hordaland fylkeskommune og Vest-Norges Brusselkontor seminaret ”Internasjonalisering – ein veg til attraktive kommunar”.
Vi ønskjer med dette seminaret å sette fokus på bruk av EU-program som instrument for å styrke den internasjonale kompetansen hos dei tilsette i kommunane og andre institusjonar i lokalsamfunnet. Internasjonalisering kan få arbeidstakarar (og tilflyttarar) til å satse på akkurat dykkar kommune!
Målgruppa for denne konferansen er tilsette i kommuneadministrasjonar, institusjonar, frivillige organisasjonar, ungdomsarbeidarar, skolar og andre interesserte.
Fredag 29. oktober 2010 arrangerar Hordaland fylkeskommune, saman med Vestlandsrådet og Kommunal og Regionaldepartementet ein ”Erfarings- og Spredningskonferanse for Interreg B og C-programma”.
Konferansen vil gi eit overblikk over norske erfaringar med Interreg som er eit viktig verktøy for EU sitt regionalutviklingsarbeid. Kan deltaking i Interreg-prosjekt bidra til å løyse regionalpolitiske utfordringar på Vestlandet? Deltakarane vil få innblikk i fleire Interreg B- og C-prosjekt.
Målgruppa for denne konferansen er politikarar og administrativ leiing i kommunane og fylkeskommunane på Vestlandet i tillegg til fagpersonar og prosjektaktørar.
Vi vonar at flest mogleg av dykk har høve til å delta.
Begge konferansane finn stad på Radissonhotellet på Bryggen i Bergen.
Vi minner om at frist for påmelding er 21. oktober. Mer informasjon, sam påmelding, her.