Slovenia skal løfte EU over kneika
Slovenia tar over det roterande formannskapet i Rådet frå 1. juli. Landet er sist ut i den 18-månader lange formannskapstrioen saman med Tyskland og Portugal. Under mottoet «Together. Resilient. Europe«, vil ein europeisk helseunion, økonomisk gjenreising, strategisk uavhengigheit, cybertryggleik og stabilitet i EU sitt nabolag prege arbeidet det neste halvåret.
Då store delar av medlemslanda opplevde nye, store smittebølgjer hausen 2020, måtte Tyskland gjere fleire endringar i sine prioriteringar. Portugal har også hatt eit utfordrande halvår som leiar av Rådet, der krisepakkar, vaksinepass og ei grøn og rettferdig gjenreising av økonomien har stått i sentrum. Frå 1. juli tar Slovenia over stafettpinnen, og landet skal forsøke å få EU på rett kjøl etter krisa. Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet, og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapet har ansvaret for å leie rådsmøta og trygge kontinuitet i Rådet. Formannskapstrioen har ein felles agenda som er utgangspunktet for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar.
Slovenia har vore medlem av EU sidan 2004, og skal leie Rådet for andre gong. I år feirar landet også 30 år med uavhengigheit. Formannskapet har fire hovudprioriteringar i sitt arbeidsprogram.
Økonomisk gjenreising og strategisk autonomi
EU sitt attreisingsfond på 750 milliardar euro, Next Generation EU, skal bidra til å dempe dei økonomiske og samfunnsmessige konsekvensane av pandemien. Det skal også akselerere grøn og digital omstilling. Hovuddelen av midlane (670 milliarder) går inn i det såkalla gjenoppbyggingsinstrumentet, Recovery and Resilience Facility. Innan 30. april måtte alle medlemslanda utarbeide nasjonale gjenreisingsplanar, som skal sikre at midla i EU sin gjenreisingspakke raskare kan betalast ut. Kommisjonen vil gjennomgå alle planane før dei blir lagt fram for Rådet i juli, og Slovenia vil arbeide for ein snarleg godkjenning.
For gjere EU betre førebudd på framtidige helsekriser, vil det slovenske formannskapet også prioritere oppbygginga av ein europeisk helseunion. Målet er å styrke EU sin strategiske autonomi ved å trygge tilgangen på farmasøytiske ingrediensar og medisinsk utstyr, og legge til rette for forsking, utvikling og produksjon i Europa. I tillegg er Slovenia positive til eit forslag om å opprette ein europeisk helseberedskaps- og tiltaksmyndigheit, Health Emergency Preparedness and Response Authority (HERA).
Reflektere over Europa si framtid
Konferansen om framtida til Europa (Conference on the Future of Europe) vart lansert 9. mai i år, eitt år på etterskot grunna pandemien. Datoen er også merkedagen for Schuman-erklæringa. Konferansen er ein toårig dialog og refleksjonsperiode der EU sine innbyggarar og andre samfunnsaktørar skal bli inkludert i utforminga av EU si framtid. Initiativet inkluderer mellom anna ein fleirspråkleg, interaktiv digital plattform, desentraliserte arrangement, borgarpanel og plenumskonferansar. Formannskapet vil få ei sentral rolle i organiseringa av konferansen.
Styrke rettstryggleik og europeiske verdiar
På bakgrunn av Europakommisjonen sin rapport om rettstryggleik, vil det slovenske formannskapet leie ein årleg dialog om temaet, både på EU-nivå og i dei enkelte medlemslanda. Målet er å fremje rettstryggleik i hele EU, og legge til rette for at medlemsstatane kan ta lærdom av kvarandre. Slovenia vil også vie merksemd til behovet for å motverke negative demografiske trendar i EU.
Fremje tryggleik og stabilitet i EU sitt nabolag
Slovenia støtter ein felles utanriks- og tryggingspolitikk, og ynskjer eit tettare samarbeid med USA og NATO for å fremje EU sin posisjon i det internasjonale samfunnet. Formannskapet har også ein ambisjon om å få framgang i forhandlingane om ei ny asyl- og migrasjonspakt, og vil arbeide for å utvikle eit robust Schengen-område. Kommisjonen lanserte nyleg ein strategi for å styrke Schengen-samarbeidet, og denne vil ligge til grunn. I tillegg vil Vest-Balkan bli prioritert under formannskapsperioden, og eit uformelt toppmøte om regionen er planlagt i oktober.
Les meir om arbeidet til det slovenske formannskapet her.
Den komande formannskapstrioen består av Frankrike, Tsjekkia og Sverige.