Stor interesse for Lynkurs i EU og EØS

For 9. år på rad arrangerte Vest-Norges Brusselkontor (VNB) Lynkurs i EU og EØS saman med dei andre norske regionkontora og KS. VNB-direktør Merete Mikkelsen var konferansier og losa deltakarane gjennom programmet som gjekk over halvanna dag. 2025-utgåva av Lynkurset vart opna av Anders Eide, Noreg sin ambassadør til EU.

Heile 110 folkevalde og leiarar frå offentleg sektor frå heile landet deltok på Lynkurset i Brussel 15. og 16. januar, der dei fekk ei innføring i dei viktigaste elementa av EØS-samarbeidet. Dette vart også satt inn i ein kontekst gjennom innlegg som tok føre seg dagsaktuelle problemstillingar for Europa, med særleg fokus på sikkerheit, beredskap og konkurransekraft. Organiseringa av det årlege Lynkurset rullerer mellom arrangørane, og i år var det VNB og Agder sitt kontor som hadde hovudansvaret.

Kompetanseløft om EU og EØS

Eldring-utvalet sin rapport, «Norge og EØS: Utvikling og erfaringer» (NOU 2024:7), påpeikar at kunnskapsnivået om EØS-avtalen er for lavt i alle delar av befolkninga. Lynkurset er eitt av våre bidrag for å heve kompetansen kring EU og EØS, samt for å skape ei bevisstgjering om både utfordringar og moglegheiter i Noreg sitt samarbeid med Europa. Målgruppa for Lynkurset er folkevalde og leiarar i kommunar og fylkeskommunar, og 2025-utgåva hadde tre hovudinndelingar:

  • EU og EØS på 1-2-3: «kræsjkurs» i korleis EU- og EØS institusjonane fungerer
  • EU i praksis: korleis kommunar og fylkeskommunar kan utnytte europeiske moglegheiter, som til dømes gjennom deltaking i EU-finansierte program
  • Noreg, EU og verda: dagsaktuelle tema som geopolitikk, sikkerheit og prioriteringane til den nye Europakommisjonen

Vestlandet var godt representert

Vår region var særs godt representert med deltakarar frå fleire av våre medlemsorganisasjonar. Styret i Vest-Norges Brusselkontor var også med som del av deira styreopplæring og kombinerte dette med styremøte. I tillegg var KS sitt hovudstyre med på Lynkurset, der fleire av våre medlemar har styrerepresentantar. Til saman var 9 av våre medlemsorganisasjonar til stades: Møre og Romsdal fylkeskommune, Vestland fylkeskommune, samt kommunane Austevoll, Austrheim, Bergen, Eidfjord, Høyanger, Sunnfjord og Øygarden.

Tusen takk til alle innleggshaldarane for framifrå leveranse, og til dei andre regionkontora og KS for utmerka samarbeid.

Dato for neste Lynkurs er ikkje satt enno, men blir sannsynlegvis i januar 2026. Vi gler oss til å starte planlegginga og håpar på mange deltakarar frå regionen også til neste år!