Store ambisjonar i EU sin grøne industriplan

«The Green Deal Industrial Plan» skal betre vilkåra for grøn industriutvikling i Europa og bidra til målet om klimanøytralitet. Planen er eit direkte tilsvar på USA sin «Inflation Reduction Act» (IRA), og byggjer vidare på eksisterande initiativ under EU sin grøne giv (EU Green Deal) og energiplanen «REPowerEU». Dei mest sentrale forslaga i den nye industriplanen er forodningane «Critical Raw Materials Act» og «Net Zero Industry Act», som begge er rekna som EØS-relevant. 

For å styrke konkurranseevna til grøn industri, har Europakommisjonen identifisert fire pilarar som til saman utgjer «the Green Deal Industrial Plan».

1. Eit forutsigbart og forenkla rammeverk

Eit forenkla lovverk vil kunne bidra til å oppskalere nullutsleppsteknologi, samt sikre tilgang til kritiske råmateriale som er nødvendig for grøn industriutvikling. Denne pilaren inkluderer «Critical Raw Materials Act» og «Net Zero Industry Act». Kritiske råmateriale er avgjerande for den grøne og digitale omstillinga. For å sikre tilgang på kritiske råvarer og samtidig redusere sårbarheita knytt til importavhengigheit, ynskjer Kommisjonen mellom anna at minst 10% av det årlege forbruket av kritiske råmateriale skal kome frå utvinning i EU. Sirkulærøkonomi er også sentralt, og  målet er at minst 15% av det årlege forbruket ska kome frå resirkulering innan 2030.  Hensikta med forodrninga om CO2-nøytral industri (Net Zero Industry Act) er å auke produksjonen av teknologi som ein vurderer som viktig for å nå klimanøytralitet. Heilt konkret er målet at 40% av det årlege behovet for desse teknologiane skal produserast i EU innan 2030.

2. Raskare tilgang til finansiering

For å sikre fleire investeringar i nullutsleppteknologi, vil Europakommisjonen gjere det enklare for medlemslanda å yte målretta støtte. Kommisjonen har vedteke eit nytt mellombels rammeverk for statsstøtte (Temporary Crisis and Transition Framework) for dei sektorane som har ei sentral rolle i omstillinga til ein klimanøytral økonomi. Dette inneber at støtteordningar som framskyndar utbygginga av fornybar energi og energilagring, samt ordningar knytt til avkarbonisering av industrielle produksjonsprosessar, vil gjelde til 31. desember 2025. Kommisjonen har vidare godkjent tiltak for å framskynde investeringar i strategisk viktig produksjon som batteri, solcellepanel, vindmøller, varmepumper, CCS-teknologi, samt framstilling og resirkulering av kritiske råmateriale. I tillegg er det godkjent ei endring i vilkåra til det alminnelege gruppeunntaket (GBER) i statsstøtteregelverket for å sikre at medlemslanda kan yte nødvendig støtte til nøkkelsektorar i det grøne skiftet. Dette vil igjen bidra til raskare godkjenning av IPCEI-prosjekt (Important Projects of Common European Interest). Noreg deltar i IPCEI på hydrogen og batteri, men det finst også IPCEI på andre sentrale område. Kommisjonen ynskjer også å bruke eksisterande midlar for å støtte investeringar i nullutsleppteknologi gjennom program som InvestEU og EU sitt Innovasjonsfond, der norske aktørar deltar på lik linje med medlemslanda.

3. Kompetanse
Kommisjonen ynskjer å opprette eigne akademi for klimanøytral industri (Net Zero Industry Academies) for å sikre tilgang på rett kompetanse. Når det kjem til relevante sektorar, skal ein også sjå på korleis ein kan lette tilgangen til EU sin arbeidsmarknad for arbeidstakarar frå tredjeland.
4. Motstandsdyktige forsyningskjeder

Den siste pilaren handlar om globalt samarbeid og å sørge for at internasjonal handel bidrar til den grøne omstillinga, basert på prinsippa om rettferdig konkurranse og open handel. Her peikar EU mellom anna på arbeidet til Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Europakommisjonen vil fortsette å utvikle sine frihandelsavtalar og styrke samarbeidet med globale partnarar for å støtte den grøne omstillinga. Eit av forslaga er å opprette ei «Critical Raw Materials Group» for å bringe saman råvareimportørar og ressursrike land for å sikre global forsyningssikkerheit. Kommisjonen vil også beskytte den indre marknaden mot urettvis handelspraksis, og vil ta i bruk nødvendige verkemidlar for å sikre at utanlandske subsidiar ikkje får konkurransevridande effekt.

Begge forordningane og den grøne industriplanen er no til behandling i EU-systemet, og det kan kome endringar undervegs. Dei endelege vedtaka trer i kraft når Europaparlamentet og Rådet (medlemslanda sitt organ) har kome til einigheit, og vil først då bli handsama av EØS-landa.

Vi gjer merksam på at Kommisjonen har opna høyring for begge fororningane, og her kan norske aktørar sende inn sine synspunkt:

Det er også mogleg å sende innspel direkte til Nærings- og fiskeridepartementet: postmottak@nfd.dep.no.