Hydrogen får nøkkelrolle i EUs plan for sektorintegrering av energi
Kommisjonen har nettopp lansert ein strategi for sektorintegrering av energi og ein strategi for reint hydrogen. Strategiane vil saman bidra til å nå EUs mål om å kutte utslepp, auke bruk av fornybar energi og skape eit meir energieffektivt energisystem. Reint hydrogen vil spele ei nøkkelrolle i avkarboniseringa av energisystemet i Europa.
Sektorintegrering for fleksibilitet og energieffektivitet
Sektorintegrering er viktig for å avkarbonisere økonomien i EU, særleg sektorar som ikkje lett kan elektrifiserast. Kommisjonen ønskjer å kople saman ulike energikjelder i same system og skape betre integrasjon mellom energiprodusentar og energikrevjande sektorar. Transport, industri, gass og oppvarming av bygg må ikkje vere delt opp i kvar sine verdikjeder, men inngå i same system.
Målet er auka energieffektivitet og betre fleksibilitet i energinettet, mellom anna for å kunne jamne ut forbrukstoppar. Fossil energi skal på sikt ut av energimiksen, og bytast ut med ei rekke andre, fornybare energikjelder. Strategien for sektorintegrering skal slik fungere som rammeverk for omstillinga til grøn og miljøvenleg energisystem i EU framover.
På bakgrunn av dette la Kommisjonen fram sin strategi for sektorintegrering av energi 8. juli. Strategien har tre pilarar:
- Sirkulært energisystem
Energieffektivitet skal bli det førande prinsippet for energibruk. I tillegg skal lokale energikjelder brukast der det er mogeleg. Kommisjonen ser stort potensiale i gjenbruk av overskotsvarme, til dømes frå datasenter, industriområde og energi frå biologisk avfall. - Direkte elektrifisering
Kommisjonen vil auke bruken av såkalla direkte elektrifisering av sluttbrukaren. Kraft-sektoren har størst del av fornybar energi, og derfor bør ein bruke elektrisitet der det er mogeleg. Både varmepumper til bygg, elektriske køyretøy og smelteomnar i nokre industriar blir trekt fram som gode døme på direkte elektrifisering. - Reine drivstoff
Der elektrifisering er vanskeleg må ein gå frå fossile til fornybare alternative energikjelder. Her er hydrogen og biogass døme på gode alternativ. Kommisjonen vil foreslå eit nytt klassifiseringssystem for ulike fornybare drivstoff og drivstoff med lågt karbonutslett, som blått hydrogen er eit døme på.
Planen legger fram 38 handlingspunkt for å nå målet om eit integrert energisystem. Desse inkluderer mellom anna vurdering og revidering av eksisterande regelverk, investeringar og økonomiske støtteordningar, forsking og ny teknologi, samt politisk styring og infrastruktur.
For å kunne få til alt dette trengs store investeringar. Kommisjonen har lagt fram ein plan for investeringar saman med strategiane. Planen skal arbeide mot same mål som både EUs langtidsbudsjett for 2021-2021 og EUs gjenreisningspakke etter Covid-19: Klimanøytralitet, fleire jobbar og konkurransedyktigheit i EU.
Hydrogen ein sentral del av framtidas energimiks
I Kommisjonens hydrogenstrategi er hydrogen omtalt som heilt essensiell del av framtidas energimiks. Hydrogen vil spele ei sentral rolle i sektorintegringa av energisystema i Europa. Kommisjonen meiner hydrogen er nøkkelen til å avkarbonisere sektorar som er vanskelege å elektrifisere, som enkelte transportsektorar, jordbruket og anna energiintensiv industri. I tillegg har hydrogen stort potensiale for lagring og distribusjon av fornybar energi frå kraftproduksjon.
Kommisjonen er klar på at fornybart hydrogen vil bli prioritert, og at hydrogenproduksjon vil i all hovudsak kome frå vind- og solkraft. Likevel vil det bli opna for andre lågkarbon hydrogen, som blått hydrogen, på kort og mellomlang sikt. Dette vil vere ei overgangsløysing for å raskt få ned utsleppa og sikre marknadsposisjonen til hydrogen for framtida.
Overgangen til ein hydrogenøkonomi vil skje i tre periodar fram til 2050, der EU forventar ei gradvis auke i produksjon og bruk av hydrogen. I den siste perioden mellom 2030-2050 skal hydrogensektoren vere fullmoden, og være en integrert og sentral del av energimiksen i Europa.
Hydrogenallianse
For å få dette til å skje legg Kommisjonen opp til at EU skal samarbeide med nasjonale og regionale styresmakter, industrien og sivilsamfunnet. Kommisjonen lanserer derfor European Clean Hydrogen Alliance, en allianse mellom dei nemnde partane, som skal styre investeringar, drive fram ny teknologi, og fastsette standardar og sertifiseringar for hydrogensektoren framover.
Europa skal ta globalt leiarskap
Desse nye strategiane som er lagt fram er ein viktig del av EUs Green Deal, skal bane veg mot eit klimanøytralt Europa innan 2050, og skape nye arbeidsplassar. Visepresident i Kommisjonen, Frans Timmermans, slår fast overgangen til hydrogenbasert økonomi vil vere ein motor for å kome seg gjennom den økonomiske nedgangen som covid-19 har ført med seg. Europa skal bli ein foregangsregion for utvikling og distribusjon av reint hydrogen, og ta leiinga i utviklinga av rein teknologi.
Hydrogen er høgt på agendaen også på Vestlandet og hos våre medlemmar, og det vil vere gode mogelegheiter for norske aktørar å hevde seg på hydrogenfeltet framover. Vest-Norges Brusselkontor held fram med å følgje dette området tett.
Les meir
Les Kommisjonens pressemelding med all informasjon om strategiane.
Les heile strategi for sektorintegrering og faktaark om strategien.
Les om Kommisjonens hydrogenstrategi og faktaark.
Sjekk ut heimesida til European Clean Hydrogen Alliance for meir informasjon.
Her kan du sjå videosnuttar som oppsummerar strategiane:
Strategi for sektorintegrering
Strategi for hydrogen