To aktuelle partnersøk: Digitalisering av kulturarv og Digital læring
Digitalisering av kulturarv: Dei tre byane Gävle (Sverige), Mikkeli (Finland) og Girona (Spania)har gjennom Interreg IVC-prosjektet ”CLIQ – Creating Local Innovation through a Quadruple helix” fått sjansen til å treffast for å utveksle idear om korleis ein kan tenke innovativt når det gjeld digitalisering av byarkiva i kvar av byane. Ein har identifisert felles utfordringar og byane ynskjer no fleire partnarar som er er interessert i å delta i førebuingane til eit Leonardo da Vinci-prosjekt. For meir informasjon, les her.
Digital læring: Avdelinga for utdanning og kultur i Bengtsfors kommune i Vest-Sverige søkjer etter partnarar som er villige til å ta imot eit besøk for å utvikle ein prosjektidé innanfor digital læring. Nøkkelord er grunnskule, vidaregåande skule, forbetra resultat og fleksibel læring. For meir informasjon, les her.