Tsjekkisk formannskap i Rådet: Rethink, Rebuild, Repower!
Tsjekkia tok over Frankrike sitt roterande formannskap i Rådet 1. juli. Den geopolitiske og økonomiske situasjonen sett sitt preg på arbeidsprogrammet for det neste halvåret, og blant dei mest sentrale prioriteringane er Ukraina og energikrisa.
Tsjekkia er nummer to ut i den 18-månader lange formannskapstrioen saman med Frankrike og Sverige. Dei har ein felles agenda som er utgangspunktet for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar. Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet, og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapet har ansvaret for å leie rådsmøta og trygge kontinuitet i Rådet.
Medan Frankrike har leia Rådet tretten gongar, blir dette andre gong for Tsjekkia. Landet vart medlem av EU i 2004, då Unionen fekk ti nye medlemsland (Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Slovenia, Malta og Kypros). Mottoet til det tsjekkiske formannskapet er «Europe as a Task: Rethink, Rebuild, Repower», og arbeidsprogrammet har fem hovudprioriteringar:
1. Handtering av flyktningkrisa og gjenoppbygging av Ukraina etter krigen
Det tsjekkiske formannskapet stiller seg fullt bak EU sin innsats for å støtte Ukraina økonomisk og militært, og understeker at denne støtta er vital for å sikre tryggleiken til Europa. Russland sin invasjon har også skapt ei av dei største flyktningkrisene på kontinentet sidan andre verdskrig. Tsjekkia peikar på at Europa må ta i bruk alle tilgjengelege ressursar for å hjelpe ukrainske flyktningar, og då særleg kvinner og born. Formannskapet vil prioritere skuletilgang for ukrainske born, og arbeide for å trygge god nok barnehagekapasitet for å hjelpe ukrainske kvinner med å bli integrert i arbeidslivet i det landet dei kjem til. Like viktig blir det å støtte Ukraina i etterkant av krigen, der fokus bør vere på gjenoppbygging av kritisk infrastruktur, sikring av grunnleggande tenester, økonomisk vekst og stabilitet.
2. Energitryggleik
Tidlegare i år lanserte Europakommisjonen ein ny energiplan, «RePowerEU», der dei tre viktigaste stikkorda er energisparing, diversifisering av energikjelder og meir fornybar energi. Blant tiltaka i energiplanen, vil Formannskapet prioritere arbeidet med å oppfylle kravet om 80% fyllingsgrad i EU sine gasslager før vinteren. Dette kan derimot bli vanskeleg å få i hamn no som Russland har kraftig redusert gassleveransane via Nord Stream. Tsjekkia støttar også felles innkjøp av gass, der ein utnyttar EU sin sterke posisjon slik som ein gjorde med innkjøp av vaksiner under pandemien.
Samstundes er avkarbonisering av industrien viktig, og Tsjekkia peikar på utvikling av hydrogeninfrastruktur som heilt sentralt. Grøn mobilitet, infrastruktur for alternative drivstoff og vidareutvikling av det felleseuropeiske transportnettverket (TEN-T) er også noko formannskapet vil prioritere.
Tsjekkia peikar i tillegg på rolla til atomkraft for å sikre energitryggleik i Europa, eit tema der medlemslanda er splitta. Atomkraft og gass blei nyleg inkludert i EU sin taksonomi, noko Unionen har hausta mykje kritikk for både frå naturvernorganisasjonar og land som Tyskland, Austerrike og Danmark. Kritikarane hevdar at dette stridar imot heile poenget med taksonomien, nemleg å definere berekraftige økonomiske aktivitetar. Motparten peikar på at det blir stilt strenge krav til gass og atomkraft, og at det vil bidra til raskare utfasing av skitnare energikjelder som olje og kol.
3. Auka forsvarskapasitet og cybertryggleik
Tsjekkia vil styrke samarbeidet med NATO for å betre tryggleiken til Europa. Handtering av cybertrugslar er også ein viktig prioritet, og formannskapet vil ha eit særleg fokus på cybertryggleiken til dei ulike EU-organa.
4. Styrke den europeiske økonomien
Pandemien og krigen i Ukraina har bidratt til ustabile forsyningskjeder og høg inflasjon, og har synleggjort viktigheita av at EU må gjere seg mindre avhengig av Russland og andre utstabile regime. Det tsjekkiske formannskapet vil difor fokusere på å styrke frihandelen med demokratiske land. Samstundes må EU sikre si eiga produksjonskapasitet og trygge tilgangen på kritiske råvarer ved hjelp av sirkulærøkonomi. Her er også Noreg ein viktig partnar, og seinast i juni vart EU og Noreg einige om å forsterke industrielt samarbeid om råvarer og batteri.
5. Robuste demokratiske institusjonar
Openheit rundt finansiering av politiske parti, uavhengige media og open dialog med innbyggjarane er nøkkelord når Tsjekkia skal arbeide for å ivareta Europa sine demokratiske verdiar og rettstryggleik. I lys av Det europeiske ungdomsåret 2022, vil formannskapet bruke temaåret til å styrke dialogen med ungdommen og legge til rette for deira deltaking i den politiske debatten. I dette arbeidet vil Tsjekkia mellom anna nytte tilbakemeldingane frå «Conference of the Future of Europe», som blei avslutta i vår. Konferansen var ein toårig dialog og refleksjonsperiode der innbyggjarane i EU fekk høve til å delta i opne debattar, både fysisk og digitalt.
For meir informasjon, kan du lese heile arbeidsprogrammet her. Formannskapet har også ei eiga nettside som blir laupande oppdatert.
Sverige er neste land ut, og Riksdagen har allereie presentert sine politiske prioriteringar: klimaomstilling, sikkerheit, kamp mot organisert kriminalitet, auka konkurransekraft og grunnleggande rettigheiter.