Ungdommar frå Sveio på prosjektmøte i Polen gjennom Aktiv Ungdom

Gjennom Aktiv Ungdom-prosjektet ”Be Active for Developing Youth Democracy in Europe” har ungdommar frå Sveio kommune frå den 30. april til 7. mai vore i Øst-Polen og møtt lokale ungdommar. Saman har de lært om korleis demokratiet virka i kommunar i Polen og heime i Noreg gjennom gruppearbeid i forskjellige former.

I følje prosjektleiar Olav Bergmål var det ”stort å få vera med på forbrødringa me såg utvikla seg under opphaldet. Alle lærte noko nytt. Me såg forskjellar, men mest likskapar mellom polsk og norsk ungdom. Og nå gler me oss til å få besøk av ungdomsrådet i Wisznice. Det er søkt om EU midlar til det. Ungdomspolitikk er kjekt og nyttig.”

 

 

Kjelder: Olav Bergmål og Vestavind.