Utlysing av EU sitt helseprogram.
Helsedirektoratet informerar om at utlysinga for 2011 i EU sitt helseprogram (2008-2013) er publisert. Søknadsfristen for programmet er 27. mai. Det vil ikkje bli arrangert nokon informasjonsdag knytta til denne utlysinga, mest sannsynleg pga. tilskot til prosjekt i år har vorte ytterlegare redusert samanlikna med føregåande år til fordel for andre aktivitetar i programmet.
Utlysinga med tilhøyrande dokument samt kontaktinformasjon til Helpdesk finn du her.
Førespurnadar til Helsedirektoratet som nasjonalt kontaktpunkt kan rettast: omo@helsedir.no