Vanskelegare å drive ulovleg fiske
Europakommisjonen kom denne veka med eit nytt system for kontroll av fiske for å lettare få bukt med ulovleg fiske. Med detaljerte reglar for korleis ein skal utføre kontrollar gjennom heile marknadskjeda, vil det bli mykje lettare å hindre overfiske og sikre ei berekraftig næring, meinar Kommisjonen.
Dei nye reglane skal gjere det lettare for myndigheitene i medlemslanda å oppdage ulovleg fiske når som helst på vegen frå nett til bord, og spore det attende til gjerningsmennene. Inspeksjonane vil bli gjennomført på same måte over heile Europa, data vert samla saman og kryss-sjekka elektronisk, og når fisken kjem i butikkane veit konsumentane at fisken er fiska på lovleg vis.
Dersom ulovleg fiske vert oppdaga vil dei ansvarlege få lik straff uansett kvar dei har fiska og kvar dei kjem frå. Ved hjelp av eit prikksystem vil dei som fiskar ulovleg gjentekne gonger til sist miste lisensen sin. Fram til no har ein hatt felles reglar og kontrollsystem som ein har vorte einige om på EU-nivå, men implementeringa og kontrollane har nasjonale myndigheiter og inspektørar i medlemslanda stått for.
Med det nye regelverket har Europakommisjonen sterkare midlar for å sikre handheving av reglane i alle medlemslanda, m.a. ved hjelp av uavhengige kontrollar og inndraging av EU-midlar, samt reduserte kvoter dersom medlemslanda sitt eige kontrollsystem sviktar. For å lette implementeringa kan medlemsland få delfinansiert ulike prosjekt av Europakommisjonen, særskilt prosjekt som fokuserar på ny teknologi. Les meir her.