Vedvarande økonomisk vekst i Europa

13. mai publiserte Europakommisjonen vår-prognosar for dei økonomiske utsiktene i EU og eurosona for 2011-2012. Den økonomiske veksten er forventa å fortsetje, men det er store skilnadar mellom landa. BNP-veksten i EU-landa er forventa å vere på 1,8% i 2011, med ein auke til 1,9% i 2012. I eurosona er dei tilsvarande tala 1,6% for 2011 og 1,8% for 2012. For 2011 er tala noko høgare samanlikna med haust-prognosane.

”Hovudbodskapen er at den økonomiske veksten i Europa er solid og vedvarande. For å sikre økonomisk vekst lyt ein fortsetje budsjettkonsolideringa og målretta implementering av strukturreformar” uttalte kommissæren for økonomiske og monetære saker, Olli Rehn, då han la fram tala.

Ved måling av tolvmånadarsveksten i konsumprisane (HICP) er forventa inflasjon oppjustert for begge områda samanlikna med haust-prognosane. Det er først og fremst auka råvareprisar som er grunnen til dette. Inflasjonen i eurosona er forventa å vere på 2,6% i 2011 og 1,8% i 2012. I dei 27 EU-landa reknar ein med ein inflasjon på 3% i 2011 og 2% i 2012.

Samstundes forventa rein òg ei betring i arbeidsmarknaden. Arbeidsløysa er forventa å gå ned i EU-landa og innanfor eurosona med høvesvis 9,5% og 10% i løpet av 2011, og til 9,1% og 9,7% innan utgangen av 2012.

Gjennom tiltak for budsjettkonsolidering forventar Kommisjonen at budsjettunderskotta som del av BNP vert redusert til ca. 4,7% i EU og 4,3% i eurosona i løpet av 2011, og 3,8% i EU og 3,5% i eurosona ved utgangen av 2012.

Derimot er det forventa ujamn utvikling mellom dei ulike medlemslanda. I Tyskland og Frankrike vert veksten i BNP anslått til høvesvis 2,6% og 1,8% i 2011 og 1,9% og 2,0% i 2012. Også i Polen forventar ein høg vekst på 4,0% i 2011 og 3,7% i 2012. I Portugal og Hellas er ein derimot førebudde på negativ vekst, høvesvis -2,2% og -3,5% for 2011, og -1,8% og 1,1% i 2012. Les meir her.