Velkomen til Austevoll kommune
På tampen av fjoråret hadde vi gleda av å ønske Austevoll hjarteleg velkomen til Vest-Norges Brusselkontor (VNB). Austevoll har store ambisjonar og meiner at europeisk samarbeid kan gi gode bidrag til utviklinga av kommunen.
– EU er ein viktig premissleverandør både for kommunal verksemd og for næringslivet vårt. Medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor vil både gi oss betre informasjon om kva som skjer i EU-systemet, og om prosjekt og ordningar me kan nytte oss av, seier ordførar Morten Storebø.
Innmeldinga i VNB er eit ledd i kommunens internasjonale strategiarbeid. Medlemskapet skal blant anna bidra til betre oversikt over internasjonale prosjektmoglegheiter og støtte til deltaking i prosjekt. Austevoll kommune også ønsker tidleg varsling om EU-regelverk som kan påverke kommunen, og gje tilgang til nettverk av regionar med liknande utfordringar og moglegheiter.
John Tveit er nærings- og kultursjef i Austevoll kommune. Han seier kommunen har god oversikt over regionale og nasjonale ordningar og program, men at ein ønsker meir informasjon om internasjonale ordningar.
– Medlemskap i VNB vil gi oss viktig kjennskap om internasjonale program som kan kome Austevoll til gode. Me vil blant anna sjå nærare på internasjonalt prosjektsamarbeid knytt til turisme og reiseliv, og utdanning og kultur, seier John Tveit.
Vidare seier Tveit at Austevoll har eit dynamisk næringsliv med ein rekkje verksemder som handlar og operere internasjonalt. Fleire EU-program, til dømes EUs program for forsking og innovasjon – Horizon 2020, gjer seg i aukande grad gjeldande for norske verksemder, og nettopp i desse dagar er Horizon 2020 meir interessant enn nokon gong.
VNB ser fram til eit interessant samarbeid framover!