Vil gjere Erasmus+ meir inkluderande
Europakommisjonen har vedteke eit nytt rammeverk som skal gjere Erasmus+ og European Solidarity Corps endå meir mangfaldig. Målet er å skape eit inkluderande europeisk utdanningsområde. Initiativet skal også bidra til at EU lukkast med det første prinsippet i den europeiske søyla for sosiale rettigheiter, som seier at alle har rett på inkluderande opplæring og livslang læring av høg kvalitet.
Det nye rammeverket skal sørge for at Erasmus+ og European Solidarity Corps når ut til endå fleir, særleg dei som har vanskeleg for å delta grunna økonomiske årsaker. Noreg deltar (dessverre) ikkje i Det europeiske solidaritetskorpset, men det kan likevel vere nyttig å notere seg at inkluderingsdimensjonen står sterkt også i Erasmus+-prosjekt. Noreg deltek i alle deler av Erasmus+-programmet.
EU-kommisjonen har føreslått seks tiltak for å auke graden av inkludering:
Målretta økonomisk støtte til underrepresenterte grupper
Dei to programma skal gi auka økonomisk støtte til unge som har dårlegare forutsetningar enn sine jamaldrande. Dette skal dekke eventuelle ekstrautgifter eller andre behov dei måtte ha, og på den måten fjerne barrierane som i dag hindrar dei i å delta i Erasmus+ eller Solidaritetskorpset. Kommisjonen oppfordrar også nasjonale myndigheiter og dei aktørane som er ansvarlege for programma på nasjonalt og lokalt nivå, om å ta i bruk andre eksisterande midlar for å supplere programstøtta.
Skreddarsydd støtte i alle fasar av prosjektet
Deltakarane skal få moglegheit til å dra nytte av ei rekke tenester både før, under og etter prosjektet/utvekslinga, for å sikre at dei får mest mogleg ut av opplevinga. Dette inkluderer mellom anna språkstøtte, forberedande besøk og betre rettleiing i alle fasar.
Støtte til deltakande organisasjonar
Programma skal støtte organisasjonar som er involvert i prosjekt med fokus på inkludering. Støtta kan mellom anna inkludere midlar til nettverksaktivitetar, og opplæring for tilsette i organisasjonen som arbeider med inkludering og mangfald.
Meir fleksibelt læringstilbod
Dei nye programma tilbyr eit breiare tilbod av aktivitetar med forskjellig varigheit og format (virtuelle eller fysiske, individuelle eller i gruppe). Det gjer det lettare for deltakarane å finne noko som passar best for dei.
Prioritering i utvelgingsprosessen
Erasmus+ og Solidaritetskorpset har mekanismar for å prioritere kvalitetsprosjekt som involverer deltakarar som har færre moglegheiter, og som tar for seg problemstillingar som inkludering og mangfald.
Tydelegare kommunikasjon og rapportering
Dei aktørane som er ansvarlege for programma på nasjonalt og europeisk nivå, må sørge for at kommunikasjonsmaterialet er brukarvenleg, tilgjengeleg og fleirspråkleg. Kommisjonen vil vidareutvikle sine overvakings- og rapporteringsaktivitetar for å kunne spore framgangen i arbeidet med inkludering.
Kunnskapsdepartementet si vurdering er at det ikkje er naudsynt at dette vedtaket blir inkorporert i EØS-avtalen, fordi Erasmus+-forordninga allereie inkluderer prioriteringar om inkludering og mangfald. Rammeverket er etablert for å vise at Erasmus+-forordninga blir følgt opp av Europakommisjonen, og vil såleis ikkje ha betydning for forvaltninga av Erasmus+-programmet.
Les Famework of inclusion measures of the Erasmus+ and European Solidarity Corps Programmes 2021-2027.
Her finn du pressemeldinga til Kommisjonen.